Seriopning for jr. og A-lag

Då har både jr og A-laget starta sesongen sin. A-laget var først ute på fredag heime mot Lura IL. Lura er eit av favoritt-laga, og starten kunne knapt vore tøffare.

 Forsvars-sjefen Martin Vestbø vart ikkje klar etter ein skade han pådrog seg mot Etne, og nysigneringen Eirik Haugen var heller ikkje klar. Me stilte med eit ungt lag med fleire jr-spillere. Alfred Berge var aleine på topp. Kampen enda med tap 0-6, etter ein kamp der Ølen måtte finne seg i å springe mykje imellom.

På fredag 12.04 så har karane ein god mulighet til å hente poeng i bortekamp mot Nord kl 19.00. Nord tapte 0-9 mot Vard2 i første kampen, så her bør det vera muligheter.

Det lokale jr-laget som spiller i 2. div, starta sesongen med uavgjort kamp mot Bremnes 2 borte på mandag 8.04. Det blei målrikt, og kampen enda til slutt 6-6! Me var det førande laget, og trudde fleire gonger at me hadde drept kampen, men bømlingane var seige. Dei hadde ein veldig god spiss me sleit med, spesielt i 1. omgang. Me hadde heller ikkje marginane med oss, då dei skåra på omtrent alle avslutningane sine, og dei utligna med siste spark på ballen på eit direkte frispark. Men 1 poeng vart det. Mikal Vaka 3, Rune Torstenbø 2, og Petter Nordskog skåra våre mål i ein god angrepskamp for vår del. Mandag 15.04 kl 20 er det klart for vår første heimekamp mot Djerv 1919 2, eit lag me slo 3-1 i treningskamp nylig.

Håpar det kjem eindel bygdefolk og heiar på vårt unge A-lag og jr-lag i kampane som kjem.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift