Ølen Jr1, Lundeneset

Mandag 28. oktober vann Ølen G-19 1 seriefinalen i G19 1. div avd 03 - Rogaland Fotballkrets

Etter strålande sesonger av mange av Ølenslaga i Ungdomsfotballen der seriespelet har gitt 2. plass til 13årslaget, 1.plass til 14årslaget og 1. og 2. plass til G-16 og 5. plass til Ølen G-19 2 (ubeseira på heimebane :) ) var det G-19 1 som mandag denne veka skulle til byn og spele seriefinale mot Nord. Forutsetningane var klare, siger ville gi 1. plass, uavgjort 2. plass og tap 3. plass. Det var ein spent gjeng som satte seg på bussen i Vågen, og spennande skulle det bli.

Dei første minuttane av kampen var litt nervøse, men etterkvart spelar vi oss inn i kampen og etter 21 minutt går vi opp til 1-0 etter eit fint skudd. Resultatet held seg frem til pause. Vi bestemmer oss for å prøve å holde oppe trykket i andre omgang men vi blir etterkvart spelt noko lave men Nord kjem aldri nærare enn ein lobb oppå tverren. 1-0 siger og seriemesterskap som og betyr at laget får spele kvalifisering til G-19 Elite. Her skal vi møte Sola (hjemme) og Eigersunds eller Forus Gausel om to plassar i neste års elite

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift