Fornya sponsoravtale med Sparebank 1 SR-Bank Ølen

Ølen IL og Sparebank 1 SR-Bank inngjekk nyleg sponsoravtale for to nye år.

Frå venstre: Banksjef i Sparebank 1 SR-Bank Ølen, Magne Christiansen saman med representantar frå Ølen IL, Morten Helland og Arne Gunnar Habbestad. 

​I desember 2016 inngjekk Ølen IL og Sparebank 1 SR-Bank ny sponsoravtale. Under målsettinga “saman får me ting til å skje”, skal Sparebank 1 SR-Bank bidra med midlar som skal fremma auka aktivitet og leggja til rette for idretten. Banken får til gjengjeld ei solid plassering i det lokale samfunnet ved god eksponering av logo og at klubben tek i bruk bankens tenestar og produkt som forsikring og betalingsløysinga mCash.

Fotballstadion i Ølen kjem framleis til å gå under same namnet som før, SR-Bank stadion Ølen. Skilt, draktar og treningstøy er prega med bankens logo, samt at klubben benyttar seg av betalingsløysinga mCash i alle kioskar. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift